– Eg har nok aldri sett poteter så tidleg før, seier Tore Sigurd Fitjar, som fredag ettermiddag fekk årets såpoteter i jorda.

Til liks med andre fitjarbønder har han boltra seg med møkevogna si i godvêret denne veka.

– Men i morgon kjem det regn, så det gjeld å få potetene i jorda medan det er så tørt og fint, seier ein fornøgd Tore Sigurd Fitjar. Han er redd for at det kan gå ein heil månad før det blir så fine forhold for å setja poteter. Om det kjem litt regn, kan han like fullt køyra møk.

I år har Tore Sigurd Fitjar 500 kg såpoteter, noko som rekk til rundt to mål (1 dekar = 1000 m2). Mesteparten er tidlegsorten Berber, men i tillegg set han nokre raster med Kerrs Pink til husbruk. Tidlegpotetene har han god von om hausta allereie rundt 1. juli. Dette er poteter som både han og kundane hans har blitt veldig glade i. – Dei blir store og mjølne og fine, seier han.

På potetsetjaren i ettermiddag sat Kari Lambach Fitjar og Ole Rørvik. Begge let til å trivast med jobben. Men det gjeld å følgja med og fora potetsetjaren med poteter heile tida, slik at det blir ein jamn og fin potetåker. Ein like kjekk jobb for 12-15-åringar i dag som for 50 år sidan.

– Poetene vil i jorda i april, sa dei gamle før i tida. Likevel har det ofte blitt mai månad før me har fått potetene i jorda i Fitjar. I fjor fekk ikkje Tore Sigurd sett potetene sine før langt ute i mai.

Men i år fekk potetene på Fitjargarden til fulle ønsket sitt oppfylt. Måtte dei sleppa for mykje nattefrost, slik at det blir det blir tidleg og god potetavling.

arnold schwarzenegger steroidi