I Breivik traff me ein dag tre karar som jobba iherdig med å få årets settepoteter i jorda.

Dei hadde ikkje mindre enn tre mål dei skulle dekka med potetraster og ein stor sekk med nyinnkjøpte settepoteter på traktoren. Det gjekk nokre timar med til settearbeidet, i tillegg til opparbeiding av åkeren, luking seinare og så sjølvsagt innhausting til slutt. Det er nok ikkje så enkelt som byfrøknene seier at potetene vert til medan bonden søv. «Men når det gjeld det opptakinga, då må nok kånene og trø til», humrar karane, som trur potetprosjektet gjev dei ei større oppleving enn inntekt.

Dei veit ikkje heilt om dei har den store trua på prosjektet, og blir litt stressa av besøk i åkeren av ei med blyant og kamera. Dei ville helst ha venta med mediamerksemd til dei kjende seg trygge på at det vart avling av det.

Dei tre beskjedne karane i potetåkeren er Kristian Skumsnes, Bård Inge Sørfonn og Torfinn Dalen, og dei har åkeren som eit felles prosjekt. To av dei ser på seg som faglærde potetdyrkar etter å ha delteke på potetkurs i regi av forsøksringen i vinter, sjølv om dei har litt vanskeleg for å gjenngje kva dei lærde på kurset.  Den siste er ufaglærd, så dei meiner det er opplagt kven som må få skulda om dette går gale.

Heile potetprosjektet starta mest på impuls. Det er ikkje det at dei ikkje har prøvd seg før. Ein av dei prøvde seg med å setta 10 poteter i fjor. Avlinga vart på 15 poteter, men han gløymde kvar han la dei og då han fann dei igjen den andre dagen såg dei ikkje så fine ut lenger. I år har dei forhåpning om at dei i tillegg til å ha poteter til eige bruk og nok settepoteter for neste år og har litt dei kan selja slik at det dekkar inn utgiftene til årets settepoteter og plastdunkane dei brukar til å ha dei i på settemaskinene. Utstyret er ikkje av nyaste dato, men det ser ut til å fungera utmerka. Dei meiner og at dei har tilgang til ein opptakar av eit eller anna slag når den tid kjem. På spørsmål om kva potetsort dei satsar på ler Bård Inge og forklarer at då dei bestemte seg for dette prosjektet sist veke og skulle bestilla seg såpoteter var det berre ein sort igjen og det var Pimpernell, så då vert det tre mål med Pimpernell. Det skulle no helst vore skikkeleg Fitjarpotet, men kva er det, det er sikkert  noko dei berre kalla det fordi dei ikkje klarde å sei dei vanskelege potetnamna, meiner ein av karane.

Eldre folk i bygda med poteterfaring seier at det som opprinneleg vart kalla Fitjarpotet og som bøndene her reiste til by’n for å selja var sorten King Georg.

Grunneigar Einar Breivik kjem bortom og ser til karane akkurat då me snakkar om steinplukking. Det vart sagt på potetkurset at ein måtte plukka godt med stein der ein skulle setta poteter. Men dette er dei ikkje så nøyen på, og Einar minnar om at stein i jorda må det vera for å halda på varmen, og hans tommelfingerregel er at steinar som er mindre enn knyttneven dei skal få liggja att. Einar nyttar og høvet til å skryta over pågangsmotet til karane.

Potetrastene skrid sakte fram, beine og rette. Eg skryt av dette, for det er ikkje nødvendigvis ein lett jobb når den som køyrer traktoren må sjå vel så mykje bakover på det som skjer der som framover. Kristian er rask med å ta til seg skrytet for dei beine rastene. «Du?», utbryt kameratane i kor. «Ja, det var no eg som var den første til å melda meg til å ikkje køyra traktoren!»

Då eg forlet dei er dei cirka halvvegs i potetsekken og ca halvvegs i potetåkeren. Dei befinn seg i ein idyll, sola skin og måkane skrik, og med varm kaffi på termosen, sjokolade ved traktoren og ein lett humoristisk tone blant karane er det ikkje vanskeleg å forstå at dette er ein god og sosial arbeidsdag.

Åkeren i Breivik var ikkje den einaste potetåkeren som tok form denne helga. Sjølv om ikkje alle bønder er sjølvforsynte med poteter lenger er det fortsatt fleire som held i hevd den gamle tradisjonen med eigen potetåker. Er bygdefolket heldige vert avlingane så pass store at det rekk til meir enn eige bruk for bøndene. Under bondens marked i fjor var sekkane med poteter svært populære og forsvann som varmt kveitebrød. Skullle det bli ei god avling er det nok ingen som får problem med å kvitta seg med den.