Tysdag 31. mai klokka 16.00 er det klart for potetdyrkingskurs på garden til Lars Ove Rimmereid. Tema for første samling er: gjødsling og ugraskamp i potet.

Nokre bønder i Fitjar har sett i gong eit forprosjekt med tittel ”Poteter frå Fitjar”, og har fått støtte frå Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling til arbeidet. Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har sagt seg viljug til å vera prosjektansvarlege for forprosjektet. Målet med forprosjektet er å sjå om det let seg gjera å lukkast med ei felles satsing på poteter frå Fitjar.

Som ein del av forprosjektet er det eit mål å byggje opp fagleg kompetanse når det gjeld dyrking av poteter. Difor har me leigd inn Norsk Landbruksrådgivning Hordaland som skal ha ansvar for 4 samlingar i løpet av året.

1. samling vert tysdag 31. mai klokka 16.00. Møt opp på garden til Lars Ove Rimmereid. Tema for denne samlinga er gjødsling og ugraskamp i potet.

Alle bønder i Fitjar som har interesse av prosjektet og/eller ønskjer å læra meir om potetdyrking, er velkomne til å vera med på samlingane. Kurset vil også bli annonsert i Fitjarposten.

Påmelding til Fitjar kommune v/kundetorget post@fitjar.kommune.no innan mandag 30. mai. 2011. For spørsmål kontakt Bård Inge Sørfonn tlf 482 68 658.

Kari Rydland

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor