Snart tomt i sekkene med poteter og grønsaker resulterte i ein tur til Koløyo.

Der stod ein av varebilane til Ola B Korsvik lasta med varer som skal seljast på Husnes i dag. Utvalet er stort sett det same som alle dei andre dagane Ola er på torget: Egg, poteter, grønsaker og frukt. Med full-lasta varebil køyrer Ola´n eller andre i familien rundt i Sunnhordland, og sjølvsagt treffer du dei til faste tider på torget på Leirvik også. Ola B. Korsvik fortel om stort sal av poteter frå Austlandet, i nærleiken av Randsfjorden. Han har fast avtale der borte om levering for heile året. Kvar veke kjem ein trailer lasta med fjorten tonn poteter. Då kan me lett slå fast at det blir mange hundre tonn i året. Om lag 90 % av desse er den kjende sorten Kerrs Pink, men det vert også selt Pimpernell og Peik. Kerrs Pink poteter er som kjent mjølne og velsmakande. Jordsmonn og klima ved Randsfjorden er lagleg for potetdyrking sjølv om det skulle bli mykje regn om hausten. Det sikrar god kvalitet, seier Ola B, som han ofte vert kalla. Han legg til at etter 20. juli er det tid for nypoteter. Det er neppe nokon andre i Sunnhordland som har betre greie på kor ein får tak i gode varer. Dei søte og gode gulrøtene kjem frå Jæren, og egga er kortreiste som det heiter i dag. Egg frå Hovstad garanterer for kvalitet, og desse har Ola B Korsvik selt i årevis.