Innblikk i mogleghetar og utfordringar i potetdyrking.

Fitjar sjø og camping var møteplass då Norsk Landbruksrådgiving, Hordaland, arrangerte potetkurs denne helga. Kursansvarleg var Einar Johan Tvedt, som representerer det som før heitte Forsøksringen i Hordaland, med base på Seimsfoss i Kvinnherad. Flesteparten av deltakarane er bønder og heimehøyrande på Fitjar og Huglo.

Førelesar Arne Vagle er seniorkonsulent på Bioforsk Vest Særheim på Klepp. Med tanke på at kvalitetsdyrking av poteter krev mykje kunnskap, skjønar me at det trengs kurs. Deltakarane fekk innblikk i potetprodusjon frå førebuing, dyrkingsteknikk, vekst og hausting til sal av sortert vare. Ein viktig del av temaet var sjukdom i potet, bl. a. tørråte, som er hovudproblemet i potetdyrking på Vestlandet. Her må ein stå veldig på, sa Vagle, og fortalde kor lett tørråte breier seg utan ekstra tiltak som td. sprøyting, frå juli og stort sett resten av veksttida. Troll heiter den potetsorten som er sterkast mot tørråte. Vagle oppfordra deltakarane til meir potetdyrking, også med tanke på sal og bruk i nærmiljøet, ikkje berre til heimebruk. Til slutt vart fokus sett på Fitjarpoteta som tidlegare var svært så ettertrakta når flakabåtar kom til Bergen med denne vara.