Heimlevering frå Posten aukar sterkt som ei følge av koronasituasjonen i Noreg. Foto: Petter Sørnæs.

Koronaviruset er i ferd med å skapa ein ny standard for distribusjon av pakkar. Over hele landet er det ein markant auke i personar som ønskjer varer levert heim på døra.

Størst er auken i Oslo og Akershus, der det har vore ein auke i heimlevering på nesten 450 prosent samanlikna med same veke i fjor, skriv Posten i ei pressemelding.

– Vi har aldri køyrt fleire varer heim på døra til folk enn kva vi gjorde i førre veke, og i går sette vi nok ein ny rekord i vårt område. Folk ønskjer ikkje å oppsøkja store folkemengder i desse tider, og vil derfor ha varene levert på døra, seier regiondirektør Hans-Øyvind Ryen i Posten.

Medisinar, dyremat og leiker

Det som blir bestilt, er typiske varer som er nødvendige i det daglege, som mat, medisinar, leiker til heimeverande barn, for til kattar og hundar, og datarekvisita for å kunna ha heimekontor. I tillegg har det også vore ein god del varer frå Vinmonopolet.

For å handtera den sterke auken i heimlevering har Posten lagt om mange av rutinane siner og samarbeider på nye måtar på tvers av avdelingar i konsernet.

– I desse dagar treng vi mange flere medarbeidarar til heimlevering. Det gjer at vi kan utnytta kapasiteten der koronakrisa har gjort at det er blitt mindre å gjera. Eg vil rosa medarbeidarane som er fleksible og tar utfordringane på strak arm. Dei står på i ei krevjande tid, og er stolte over å bidra til at samfunnet går rundt, seier Hans-Øyvind Ryen.

Ny standard for pakkelevering

Han trur at situasjonen landet vårt er i no, kan skapa ein ny standard for levering pakkar, som vil fortsetja også når situasjonen har normalisert seg. I Noreg har kundane vore vane med at pakkar det ikkje er plass til i postkassen, må hentast på postkontor eller i Post i Butikk. Dette kan endra seg no.

– Posten har utvikla mange forskjellige måtar å levera pakkar heim til mottakarane på. No får kundane også augo opp for kor enkelt og praktisk dette er, seier Ryen.