Avtalen om at DNB tilbyr banktenester gjennom Posten sitt salsnett blir forlengd med to månader fram til 1. september 2020, opplyser Posten Norge i ei pressemelding.
Banktenestene skulle opphavleg blitt avvikla i dag, 30. juni, men no er altså avtalen forlengd med to månader.
Det har lenge vore klart at avtalen som har gjort det mogleg å utføra daglegbanktenester på postkontor og i Post i Butikk, skal avviklast. Når denne no blir forlengd, er det av omsyn til personar som vil få problem med å få utført enkle banktenester som kontaktuttak frå giro dersom dei ikkje kan gjera dette på Posten.
Alle banktenester unntatt valutatenester og giro-innbetaling blir vidareført i Posten sitt nett fram til 1. september 2020.
Myndigheitene og NAV arbeider med alternative løysingar for denne gruppa, og målet er at dei skal vera på plass innan 1. september.
DNB sin avtale med Posten blir erstatta av ein avtale med Vipps og BankAxept, og me får tilgang til banktjenester gjennom butikkar i daglegvarekjeda Norgesgruppen.
Kjøpmann Odd Sverre Larsen bekreftar at Spar Fitjar allereie er i gang med desse tenestene. Me kan på ein enkel måte setja inn og ta ut kontantar via bankterminalane i daglegvarebutikken.