Lokalisering og finansieringsplan er vedteken!

Kommunestyret vedtok i møtet på onsdag at Seniorsenteret skal plasserast over biblioteket i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg (FKIB). Kommunen går samtidig inn med kr. 1.145.000 i prosjektet, som har ei kostnadsramme på kr. 1.370.000.

Arbeidsgruppa som har jobba fram prosjektet, skal avløysast av eit styre som skal nemnast opp av Eldrerådet.

Toralf Røen (AP) gav arbeidsgruppa honnør for godt arbeid.

Styret kan oppnemna undergrupper som i samarbeid med Frivilligsentralen og biblioteket kan konsentrera seg om ulike aktivitetar: Tenk dataopplæring, slektsforskning, historiegruppe, seniordans, senioruniversitet som eksempel på tema.