Ordførar Harald Rydland vart i dag invitert på med på ferja tur/retur Sandvikvåg – Halhjem av driftssjef i Fjord1, Oscar Bergheim. Eit møte som fitjarordføraren karakteriserer som positivt.

Invitasjonen kom etter at Rydland blogga om forholda ved ilandgåing på Sandvikvåg, og under turen såg ein på ulike løysingar for å gjera noko med denne saka.

– Ei løysing er å snu ferja og flytta rekkverket. Og både driftssjefen i Fjord1 og kapteinen om bord såg det som ein mogeleg veg ut av uføret. Rett nok må det då gjerast noko på Halhjemsida òg. Men eg meiner at eg fekk gehør for at det er lettare å få ordna det som skal til på den sida enn på Sandvikvågsida, seier fitjarordføraren.

– Men vegvesenet må òg seia sitt. Det vart difor snakk om å oppretta ei gruppe som skal jobba vidare med saka. Her skal mellom anna Fjord1 og Vegvesenet vera med –  og eg vonar at eg òg får delta i den gruppa, seier Harald Rydland til slutt.