Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF)  gjesta Fitjar i går. På eit møte på Fitjar vgs, der pressa var invitert, gav ho god von om gjennomføring av viktige lokale saker.

Sidan møtet fann stad på Fitjar vgs var det naturleg at rektor Anna Bodil Hestenes Tislevoll fekk fremje skolen si sak først. Saka er at Fitjar vgs har plassproblem. Dei leiger i dag seks klasserom utanom sitt eige skuleområde.

Dette er ikkje nokon god løysing. -Lokala me leiger no er heller ikkje heilt eigna til det me skal drive med, sa rektor Tislevoll, som vona at Ftjar vgs ville koma opp på planane no når det er tid for ny vurdering av slik utbygging i fylket.

Fylkesordføraren var kjend med saka, meinte at Fitjar no stod for tur og lova å vera svært påpasseleg med å løfta fram Fitjar vgs når nye skuleprioriteringar skal gjerast med det første.

Ordførar Harald Rydland løfta fram Fylkesveg 545. Ei sak han har jobba iherdig med i ordførarperioden sin.

Mellom anna er ein bompengesøknad til høyring i Os, Fitjar og Stord. Saka skal vidare opp i Fylkestinget i haust og i Stortinget våren 2012.

Så langt har det vore mykje velvilje å møte.

Prosjektet skal finansierast med bompenger som vert tekne opp på ferja Halhjem-Sandvikvåg og tilskot frå fylket. Her meinte Rydland at fylket burde gå inn med ein større del enn den dei har gjort vedtak på så langt. Mykje pengar har dei ikkje brukt på vegar i Fitjar.

-Vona er at ein ved å få gjennomslag for dette òg vil kunne gjera noko med trafikksikringa i Fitjar sentrum. Fylkesordføraren var positiv her òg, og meinte samstundes at det er mogeleg å søka tettstadsmiddel til dette.

Andre saker som var nemnt på møtet var tannhelsetenesta i Fitjar og anløp av hurtigbåt.