Kor vart det av plenen? Her kjem mellom anna røyr for bekken frå Rimbareid. Foto: Harald Johan Sandvik

I tillegg til miljøgate, ny kryssløysing og bussterminal i Fitjar sentrum, vert det også utskifting av vatn- og avløpsrøyr.

Av: Harald Johan Sandvik

Heile prosjektet er eit samarbeid mellom Statens Vegvesen, Hordaland Fylkeskommune og Fitjar kommune. Kommunen sin del av dette er utskifting av vatn- og avløpsrøyra, VA-anlegg.

Arbeidet er alt i gang. Det er eit omfattande og krevjande arbeid, og ein kjenner ikkje grunnforholda godt nok.

Statens Vegvesen leiar prosjektet. Kommunen har vore i forhandlingar med dei om finansieringa. Resultatet er ei «rammeløyving» med utgangspunkt i planlagt og kalkulert VA-arbeid. Her tar SVV ansvar for uføresette forhold i grunnen.

Blei dyrare enn venta

Avtalen med SVV er kalkulert til 4 millionar, men rådmannen ber no om 4,8 mill. Det må dekkast inn utgifter til konsulent, endringar som er iverksett av kommunen og renter/ administrasjon.

I debatten i dag var Agnar Aarskog, Ap, først ute.

– Det er kjekt at me er i gang! Sentrum får ei nødvendig oppgradering, og me får ei god  løysing på krysset, sa han.

- Annonse -

– Det er kjedeleg at me må auka løyvinga, men det er viktig å rydda opp i gamle røyr og drenering. Den løysinga som er valt no, er mykje rimelegare enn om me skulle gjort alt sjølv.

Parkeringsplassen mellom banken og Larsen. Bak trekkerøyra ute i grøfta kan ein sjå betongrøyra for overvatn som alt er lagde i sjøen. Foto: Harald Johan Sandvik

– Må gjerast

Sigurd Andre Maraas, Frp, var positiv til prosjektet, men uroa for auka ramme.

– Men dette må gjerast, sa han. Med bakgrunn i avtalen med SVV er dette ei trygg sak.

Rådmann Olaug Haugen var glad for at arbeidet no er i gang.

– Kostnaden har gradvis auka frå 3,5 til 4 millionar, men no har me ein presis sum. Kommunen har fått risikoavlasting ved å inngå rammeavtale. Det er ein stor styrke. Likevel kan det henda at kommunen gjer eigne endringar undervegs. Det vil i tilfelle gi kostnadsauke, sa Nilsen.

Blir tryggare i sentrum

Arne Prestbø, H, såg på at det vert tryggare tilhøve i sentrum no.

– Dette er eit kjempeprosjekt! Kommunen har informert godt til skuleborn, til dei handlande og til butikkane. Og prosjektet er delt opp i praktiske deler for at anleggsperioden skal vera så smidig som mogeleg.

Ordførar Wenche Tislevoll, H, streka under at det vert lagt inn gode kvalitetar i prosjektet. Samtidig kommenterte ho at Fitjar har fått 75 % av bompengepakken Stord Vestside. Det vert aldri nok informasjon, sa ho.

– Kommunen vil vera i forkant med informasjon gjennom prosjektet. Alt vert mykje betre  når dette er ferdig, men anleggsperioden vert krevjande, med omkøyringsvegar og lysregulering. Me må vera smidige. Dette vert eit løft for sentrum, og me må snakka opp prosjektet!

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å auka løyvinga til 4,8 mill. Saka går til kommunestyret.

Oppgraderer VA-anlegget

Rammeavtalen reduserer kommunen sin økonomiske risiko i prosjektet, og gir også mindre administrativt arbeid med oppfølging, sjølv om Fitjar kommune har ein eigen prosjektleiar på VA-arbeidet.

Heile anlegget har høg kvalitet i utforming og materialval som miljøgate. I juni 2018 vart det lyst ut anbod inkludert VA-anlegga. Det kom inn 6 tilbod, og entreprenøren VE Anlegg AS fekk jobben. Kontraktsummen er kr 24,5 mill. I tillegg kjem kostnader til mellom anna grunnavståing.

Prosjektet er planlagt ferdig 20. september.