Dei tilsette ved Fitjar Småbåt – og Fritidsservice inviterte til open dag på Årskog.

Båtentusiastane som driv Fitjar Småbåt – og Fritidsservice,Oddvar de Fine og Arnt Helland, fekk god respons då dørene på Båthotellet stod på vidt gap i går. Folk i alle aldrar kom for å sjå dei store lagerhallane og alt som får plass der inne. Båtar i ulike storleikar står lagra på fleire rekkjer i tre høgder.

Oddvar de Fine seier at utviklinga for verksemda deira har vori enorm sidan starten i 2007, då det var lagerplass til ca. 60 båtar. Året etter stod det 110 båtar på «stallen». I vinter har dei lagra 130 båtar, nokre bubilar og campingvogner. Firmaet vil lage betre plass til sistnemnde ved å endre på innreiinga i den største hallen.

Hausten 2009 vart det opna verkstad og butikk som er einaste Yamaha-forhandlar i Sunnhordland, og handelen gjekk unna. Alle båtar på vinterlagring vert spylte og motorane får ferskvatn- køyring. Elles er det tilbod om botnsmøring, boning og evt. reparasjon og impregnering av båtkalesjer. Dette har gjeve dei to som er tilsette på heiltid, rikeleg med arbeid i vinter.

Dei har nok hatt travle dagar på førehand for å leggje til rettes slik at det vart plass til framvising og reklame for andre og. Yamaha Hardanger ved Jostein Drage hadde med to båtar for sal. Representantar for utbygging i Kråko Sjøhytteområde stod klar med pc` en for å vise fram tomter eller ferdige hytter. Redningsselskapet hadde og fått plass til reklame. I ein av dei store hallane var det kafèdrift, og Smedholmen informerte bl.a. om båtførarprøven.