Kajsa Nordström, leiar i Lønning Lutlandbruk. Foto: Irene Jakobsen

– Me håpar å inspirera andre til å starta andelslandbruk, seier Kajsa Nordström i Lønning Lutlandbruk.

Andelslandbruk er ein ny modell i norsk landbruk som har auka kraftig over heile Noreg dei siste åra. På få år er det etablert andelsbruk både i Stord, Fitjar og Etne i Sunnhordland.

No inviterer Lønning Lutlandbruk både bønder og andre interesserte til å høyra spennande innlegg og delta i debatt om andelslandbruk og kortreist matproduksjon.

– Me har hatt plante- og priklekurs, hagevandring, forfattarbesøk, matkurs og kurs i fermentering, kompost og Biosa dei siste fire åra. Me er engasjerte i å bidra til ei grøn framtid på Stord og i Sunnhordland, seier leiar i Lønning Lutlandbruk, Kajsa Nordström.

På Osterneset kan ein møta Gråfrid, Rånni, Brunhild, Rosa og mange fleir på Tuftaland andelslandbruk. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Grisekompani, reko-ring og ullgris

Arrangementet er eit samarbeid mellom Lønning Lutlandbruk og Stord folkebibliotek, og er støtta av Vestland fylkeskommune, og finn stad på Stord kulturhus torsdag 25. februar frå kl.19.00

I tillegg til Lønning Lutlandbruk vil varaordførar på stord Jakob Bjelland fortelja om Gullberg Grisekompani, Ingelill Handeland Eide fortel om siste nytt frå Reko-ringen Sunnhordland og Sigrid Fangel i Tuftaland andelslandbruk vil fortelja om vestlandsmodellen for andelslandbruk.

Me har tidlegare intervjua Fangel, og du kan lesa meir om andelslandbruket på Fitjar her: Satsar på andelslandbruk på Tuftaland: Møt Rånni, Gråfrid og Brunhild