Det var topp stemning blant kokkelærarar og matglade kursdeltakarar på Fitjar vidaregåande skule i helga.

Åtte deltakarar stilte opp på kokkekurset som Stord/Fitjar lokallag av Norsk Forbund for Utviklingshemma arrangerte på Fitjar vidaregåande skule denne helga. I spissen for arrangementet stod leiar det lokale laget av NFU, Ronald Hareide. Han er sjølv profesjonell både som kokk og som lærar i matlaging. Med seg hadde han fått to kokkelærarar ved Fitjar vidaregåande skule, Margareth Tislevoll og Liv Karin Tømte Karlsen.

På Fitjar vidaregåande skule leiger dei opplæringskjøken som liknar på det me har i heimane våre, i motsetnad til storhushald. Dermed kan skulen by på svært gode forhold. Ronald fortel til Fitjarposten at dette er andre gongen dei arrangerer eit slikt kurs i Fitjar, halvtanna år etter det første kurset, som viste seg svært vellukka. Målgruppa er ungdommar og vaksne som bur i eigne leilegheiter – og vona er å hjelpa dei til å bli mest mogleg sjølvhjelpne med matlaging.

I løpet av helga gjekk dei glade kokkane gjennom eit heilt kompendium med skikkeleg kvardagskost. På menyen stod blant anna fiskegrateng, pølsegrateng, grønsakgrateng, pannekaker, poteter i ulike fasongar, dessertar, kaker, fiskesuppe, wok-grønsaker, gjærbakst og focacciabrød. Til lunsj søndag blei det servert seibiff med løk og gulrøter. Til liks med dei andre matrettane blei resultatet heilt fortreffeleg, noko me kan bekrefta etter å ha blitt beden til bords saman med kursdeltakarane.

Kurset i 2013 blei ein stor suksess, og i ettertid fekk dei solid pengestøtte frå EXTRA-stiftelsen. Dermed kunne Ronald og det lokale styret dra i gang eit nytt kurs utan å anka for mykje på økonomien. NFU arrangerer og ber hovudkostnaden, medan deltakarane betaler ein eigenandel, seier Ronald. Han reknar med å gjennomføra totalt tre slike grunnkurs i løpet at 2015. Det er ope for nye deltakarar, hovudsakleg frå Hordaland og Nord-Rogaland. I helga deltok folk frå Bergen, Askøy, Etne, Odda og Norheimsund.

Det er ikkje utenkjeleg at enkelte deltakarane kjem tilbake til Fitjar. Skal me dømma etter stemninga rundt kjøkenbenkene og ved lunsjbordet, er sjansen stor for at fleire av kokkane kjem tilbake til Fitjar.

Ole Petter Hauge uttrykte klart det som kursdeltakarane let til å vera skjønt einige om: – Eg vil gjerne komma tilbake – dette kan du aldri få for mykje av. Dette kan me halda på med heile livet!

 

Stolte kokkar med kursbevis, f.v. Aleksander Hovin, Ørjan Bolstad Wold, Ole Petter Hauge, Truls Eide, Alf Magne Tveitnes, Vanja Mikkelsen og Kristian Ask. Foto: Kjetil Rydland.


Skillingsbollane smakte like godt som dei lukta då dei var på veg ut av omnen.
Foto: Kjetil Rydland.


Meir freistande og velsmakande kan ikkje seibiff bli. Foto: Kjetil Rydland.