Fitjar got talent samla fullt hus i kultursalen fredag kveld. På scenen kom talenta på rekkje og rad. Først lokale talent frå Fitjar og Stord, og til slutt Berge Ohm frå Skjold.

Dette er andre gong Fitjar got talent vart arrangert, og nytt av året var at og folk frå Stord kunne delta. 12 ulike artistar/grupper hadde meldt si interesse. Ein kunne opptre både med song, dans, instrumental, band, teater eller liknande. I år var det stor overvekt av songinnslag og gitarar på scenen. Det var delt inn i tre klassar: 5.-7. klasse, ungdomsskulen, og 1. vidaregåande til 20 år.

I den yngste gruppa deltok «The Night Girls», som er ei songgruppe som består av Kari L. Fitjar, Katrine L. Torland og Stine Volden, som framførde «Who says». Dei konkurrerte mot gutegruppa «Fotsopp» som serverte rytmisk instrumental rock med Arild F. Waage på el-gitar, Marcus T. Opshaug på bassgitar og Torstein R. Kjelling på trommer. Nyinnflytta fitjarbu Hafsteinn Egill Runarsson song «Pricetags» og akkompagnerte seg sjølv på gitar. I same klasse stilte og den kjende stepparen Jan Anders Presthus frå Stord, som med si stepping gjekk heilt til topps i denne klassen, og stakk av med premien på 1000 kroner.

I klasse to fekk me møta ei spennande dansegruppe beståande av Inger Muri Slettebø frå Fitjar og Tiril Eirun Einarsdotter frå Stord. Marie Moldestad Oma framførde den sjølvskrivne songen «Livet er en sang», på piano og vokal. «Jone and the girls…For Sjur…» var ei stor gruppe med Sjur Rydland, Marthe V. Nordfonn, Janne Vågen, Amalie Korsvik og Susanne Da Re Tøkje på song, Ingvild M. Oma på piano og song, Jone Træet på gitar og den syngande  prinsessemaskoten Eirin M. Oma. «Random», som består av Marthe V. Nordfonn og Ingvild M. Oma, framførde eit potpurri med namn «No happy ending». Alle hadde flotte, særeigne og trygge framføringar, men den som vann til slutt var Ingrid Skår Bergesen som song «When I look at you».

I den eldste klassen var det berre tre deltakarar. Audun Arthur Mehammer, på piano og song, framførde den kjende og populære «What are words». «Turid and the Lambachs…» ( og kalla Kringlyd) framførde «When you say nothing at all» med Turid Lambach Fitjar på akustisk-gitar, Solvieg L. Fitjar på bass-gitar, Belinda Nesbjørg på trommer, Audun Arthur Mehammer på piano og song og fleirstemt song av stordtrioen: Ceselie Lunde, Katrine Amundsen og Marie Lunde. Sigeren i denne klassen gjekk til rockegruppa «Headstuck» frå Sagvåg. Dei framførde «Mona Lisa», med Synne Ankervold på song, Alexander Svensen på trommer, Solveig Johansen på bassgitar og Tore Hoff Edvardsen og Kristine Brandsdal Barane på el-gitar.

Konkurransen vart leia med stø hand, og med mange rosande ord om deltakarane, av Brynjar S. Bergesen og Ørjan Søreide Nordvang.

Juryen, som bestod av Margrethe Lund Skorpen, Ole Andre Westerheim og Berge Ohm, hadde mange positive tilbakemeldingar å gje til alle artistane. Konkurransen var jamn, det hadde vore vanskeleg å kåra vinnarar, men alle vart einstemmig valt, forklarde juryformann Skorpen før ho delte ut tre sjekkar på 1000,- kroner.

Mellom konkurransen og premieutdelinga var det ei konsert-avdeling med 14 år gamle Berge Ohm, kjend frå Norske talenter våren 2011. Etter premieutdelinga stimla unge og eldre gutar og jenter seg rundt Berge for å få autografen til den populære songaren, gitaristen og låtskrivaren. Då det var gjort unna stimla dei rundt andre mindre kjende artistar, både frå Stord og frå Fitjar, for å verta avbilda saman med dei lokale idola sine eller for å få autografen.

Det heile vart avslutta med diskotek, for alle frå 5. klasse og oppover.

Ole Bergesen, som stod bak dette arrangementet på vegner av Fitjarfestivalen, var godt nøgd med arrangementet og deltakinga. Lyden var det Vest Lyd som stod for, og Bergesen ynskjer å rosa lydmann Ivar Hovland som har stilt opp både seint og tidleg for at dei unge aktørane skulle få optimal og profesjonell lyd, og at dei skulle få god tid til å øva på scenen. Dette i seg sjølv var ei stor oppleving for deltakarane. Elles verka alle nøgde, både dei som deltok og publikum. Og det var slik at for dei i salen som me snakka med så var det dei lokale talenta som var det aller største denne kvelden. Resten var berre ein bonus som dei snart vart mette av.

Det sat mange i salen som hadde hatt lyst til å delta men som ikkje vågde. Med så gode erfaringar ein har med dette arrangementet kan det tyda på at Fitjar got talent vert ein tradisjon, så då er det berre å øva og å mota seg opp til å stilla som deltakar neste år, om ein er i den rette målgruppa, mellom 5. klasse og 20 år. For me veit det finst endå mange fleire talent der ute…