Mange hadde venta og gledd seg lenge til årets første Babysong og småbarntreff på Fitjar bedehus. Rekordmange møtte fram, både babyar, småbarn, mødre og bestemødre, og ei frå Bømlo Røde Kors som kom for å henta inspirasjon.

Nokre var så utolmodige etter å koma igang at dei var på plass allereie ein halv time før det tok til. Det seig stadig på med folk, og då klokka var vel halv elleve var 35 ungar og 21 vaksne på plass.

Babyane (0-18 måneder), som samla seg på loftet, fekk mange gode og spennande opplevingar saman med dei vaksne. Her vart alle sunge velkomne, dei fekk ro i båten, liggja under bølgjene, gynga i båtan (laken), spela rytmeinstrument eller høyra dei andre spela, og mykje meir. Med vidopne auger tok dei imot opplevingane, smilte, gurgla og lo. Ei roleg kosestund for små  og store.

For dei frå 1 1/2 år og oppover var det ei eiga songstund nede, og her var det nok atskillig mykje meir liv og leven. Heile 30 ungar var samla her. Det var så mange at på neste småbarnstreff kjem denne gruppa til å bli delt i to, slik at det blir ei eiga gruppe for dei største som er 4 og 5 år. Mange av songane i dag handla om kroppen, og ungane song slik av full hals at det høyrdes heilt opp til loftet.

Etterpå var det matstund med medbrakt niste, og Guro Tveit og Gunn Marit Volden diska opp med kaffi, te, saft, kjeks og banan. Ungane vart snart ferdige med å eta, og tok til å leika. Nokre leikte med klossar, andre med dyr eller bilar, nokre teikna eller las bøker, og enkelte berre sprang rundt omkring. Dei vaksne fortsatte drøsen ved borda, eller vart med i leiken på golvet. Mykje positiv liv og røra. "Dette var jo ein fantastisk start!", seier Astrid Koløen Prestbø, Kari Anita Larsen og Helga Rimmereid når dei låser døra og går heim, og gler seg til neste samling om to veker.

Programmet for Babysong og småbarnstreff finn du ved å klikka på kalenderen her på Fitjarposten.