Det var stu fullt i kultursalen då elevar frå kulturskulen dansa, spelte, dramatiserte og song adventstida inn torsdag kveld.

Den ein og ein halv times lange adventskonserten med elevar frå Fitjar kulturskule var verkeleg til å bli glad av og var ei fin innleiing til adventstida. Konserten var variert, både når det gjaldt nivå og utrykksformer på framføringane. Innslaga synte på ein flott måte ikkje berre det høge nivået på undervisinga og stor meistringsglede hos elevane, men og den store breidda som finst innan kulturskuletilbodet i bygda vår.

Rockegutta Arild F. Waage på gitar, Torstein R. Kjelling på slagverk og Marcus Opshaug på bass fekk æra av å opna konserten. Dei framførde både ein Metallica-låt og ein sjølvskriven rockelåt som heiter Blues, alt framførd med stålkontroll og stort «trøkk». 

Åtte av kulturskulen sine mange pianoelevar deltok på konserten. Alle saman spelte utfordrande firhendig piano saman med ein annan pianoelev og dette vart det mykje flott samspel av. Flott samspel og flott song synte og elevane i fjerde klasse ved Rimbareid skule som har lært å synga sjanti og spela ukulele denne hausten. Songane deira var flotte innslag som ikkje berre fekk publikum til å verta imponert over kva ein kan læra på  kort tid og frimodet deira, men og fekk publikum til å le godt av morosame eigenkomponerte vers på ein av sjantisongane. 

Skulekorpset sine fire aspirantar spelar alle kornett og framførde tre svingande kornettstykke, og fire flotte 6. klassejenter hadde ei svært fin framføring av Forever young.

Dansegruppene imponerte og sjarmerte publikum, både dei yngste som dansa med presangar til ein marsj frå Nøtteknekkaren, dei eldre som var mus og dansa så flott til musevisa og dei eldste med ein flott snødans. At alle gruppene hadde kostyme som passa til dansen sin gjorde det ekstra flott å sjå på framføringane deira. . 

To gitarelevar hadde fått plass på konserten Susanne Vestbøstad song som vanleg til sitt eige gitar-akkompagnement, og stod slik heilt på eigne bein då ho framførde The Ateam av Ed Sheeran. Tor Håkon Aarbø fekk litt hjelp til komp av gitarlærar Jonas Selås, men stod sjølv for eit fantastisk flott fingerspel på eit tema frå Pirates of the Caribbean.

Julestemninga var det Sofie Rimmereid på piano og Eirin M. Oma på fiolin som stod for med sin Så går vi rundt om en enebærbusk. Me kunne gjerne høyrt meir julemusikk, men adventsstemning fekk me likevel, ikkje minst av dramaelevane som framførde eit sjølvlaga, lett humoristisk teaterstykke basert på songen På låven sitter nissen. 

Konserten vart leia og bunde saman på ein svært god måte av dei tre unge karane Morten P. Korsvik, Torstein Træet og Olai Bergsvik.

– Dette var det vel verd å bruka tid på no i inngangen til adventstida, dette var eit høgdepunkt i kvardagen for meg, sa skulesjef John Karsten Raunholm etter konserten. Den imponerte skulesjefen roste og både kulturskuleelevane, lærarane, rektoren og alle dei som hadde møtt fram som publikum.

Heilt til slutt kom ein liten julebonus, ei musikalsk helsing til kulturskuleelevane og resten av publikum frå lærarane i kulturskulen. Utkledd som englar framførde dei Dum dum boys sin Stjernsludd med Jonas Selås på gitar og song, Cecilie Anna Rønhovde på song og piano, Rune Nesse på trommer, Svein Roger Koppang på flygelhorn, Orlaug K. Evensen på fiolin og Anne Lene Ø. Jordåen og Torill B.Falk som dansande, snødryssande englar og som den meste elegante engelen av dei alle danselærar Jorunn G. Whittaker.

Eit ekte fitjarprodukt, sa skulesjefen om konserten, og eg vil leggja til: Eit fitjarprodukt å verta svært glad av og til å vera kjempestolt over. Så seier me som nisse Markus K. Vik sa i teaterstykket: Det ser ut til å bli ei rimeleg god jul i år og. God jul!