Kortreiste bøker er populære, kan butikksjef Theodor Træet fortelja.

I år er det boka til Bjarne Korsvik og årsskriftet til Fitjar Sogelag det går mest av. Begge er nyss utkomne. Også i fjor var sogelaget ei populær bok over disk hjå «Theo».
– Salet av dei lokale bøkene går jamt og trutt, men toppane er om sommaren, når folk kjem heim til Fitjar på ferie, og oppunder jul. Han fortel elles at det er mange som sender bøkene til fitjarfolk i eksil

At dei lokale bøkene er noko folk vil ha, er Træet ikkje i tvil om. Han fortel, mellom anna, at den siste boka til Oskar Stein Bjørlykke har folk kome og spurt etter sjølv etter at dei var utselde. Men Træet fortel at han saknar ein bestemt type lokale bøker, og det er bøker som er baserte på bilete.
– Bøkene til Jan Rabben er flotte, men han har sagt at han nok ikkje kjem til å laga fleire av dei. Eg har spurt han.

 

Ingressbilete: Dei superlokale bøkene er er i vinden, kan Theodor Træet stadfesta. Foto: Arne Vestbøstad