Mange kallar det fortsatt jenteforeiningen, men for mange år sidan skifta dei namn til S-klubb. S'en står for Santalmisjonen, og Santalmisjonen har no slått seg saman med Indremisjonsselskapet og heiter no Normisjon. Ein misjonsklubb, altså. Og jentene dei strøymer til bedehuskjellaren annakvar måndag for å få med seg S-klubben.

S-klubben er ein flott del av det rike og mangfaldige kulturlivet i bygda vår, og i konkurranse med ulike idrettar og anna kulturliv er fortsatt klubben eit populært tilbud til jentene i 2. -4. klasse. Me har 30 namn på lista, fortel Alice Haukeland, men det er sjeldan at alle er på plass på ein gong. Me brukar vera ca. 20 jenter på samlingane, men i dag ser det ut til å vera "berre" 13. Men så kjem ei som berre er litt sein, seinare ei som er veldig sein og som er sveitt og har vore på handball først, så kjem ei som er endå sveittare etter å ha vore på dans, og så er det brått 16 jenter.

Mange mødre og bestemødre kjenner nok att mykje av innhaldet frå sine unge dagar, slik som sying, andakt, song, litt knising i krokane, kakao og utlodding. Men det er og ting som har endra seg og nye ting dukkar opp, som dei flotte glitrande kyllingane dei skal laga i dag.

Det er mykje dei skal gjennom på dei to timane dei er samla, så her er det rett på sak for å få tid til alt. I dag er siste gong før påske, og siste gong dette semesteret, så i dag skal dei laga påskekyllingar, og alle skal få dei  med seg heim. Andre gongar lagar dei ting til ein basar dei brukar å ha om våren. I år blir det ikkje basar, men dei håpar det blir til neste år. Jentene hiv seg over vattegg, auger, føter, maling og penslar, men alt skjer likevel i ganske så rolege og ordna forhold. "Eg vil ha grønn kylling…nei ..eg vil ha gul….nei, eg vil ha rosa!" Då den første pastellfarga kyllingen med glitter er ferdig stråler dei opp då dei får veta at dei får lov til å laga ein til. Nytt dilemma, kva farge skal den ha denne gongen. "Du, sant ditta e gøy!", høyrer me frå bordenden. Når dei er ferdig med kyllingane går dei over på syarbeid. Dei syr ulike bilder. Mange har full kontroll, men det er og mange som treng mykje hjelp, så det kjem godt med at dei er fire leiarar. Både Alice Haukeland, Randi Eiken, Liv Berit Siglen og Aina Vestbøstad har meir enn nok å gjera.

"Du har så stort fotoapparat!" "Er du fotograf?" "Kjem me i avisa?" "Eg vil på Fitjarposten, kan du ta bilde av meg?" "Og av meg?"  "Kvifor  kan det ikkje koma i Sunnhordland? " "E' du journaslist du?" "Veit du kva eg skal bli når eg blir stor? Eg skal bli autograf!… eller …så skal eg bli fotograf." Dette er ein herleg jente-gjeng!

Så er det ryddetid, og det går unna i ein fei, før det er samlingsstund i sofakroken. Songhefter vert delt ut. "Å, kan me ikkje synga boblesongen!", ropar ei. Andre vil ha "Boka om Jesus" og "Hvor er biletten". Dei kunne sikkert sunge veldig lenge, men no skal Randi fortelja. I dag skal eg lesa ei fortelling som heiter "Tatt på fersken", seier Randi. "Å, eg elske når du lese sånne fortellinga for oss", kjem det frå sofaen. Forteljinga handlar om  ei jenta som hadde gjort noko gale og så meinte farisearane at ho skulle steinast. Då seier Jesus at den som aldri har gjort noko gale kan kasta den første steien, og då gjekk alle vekk, for ingen var utan synd. Så snakka Randi vidare om kvifor me feirer påske. Det var heilt stille i flokken og mange ivrige hender som strekte seg i veret fordi jentene ville svara eller fortelja noko. Det vart etter kvart ein djup samtale om påske, Jesus og himmelen.

Så kom eit av høgdepunkta på kvelden, nistemat(kvelds) og kakao, og sist men ikkje minst utlodding. Dei som vant sist hadde med seg nye gevinstar i dag, og mange hadde vore å kikka på gevinsbordet i løpet av kvelden. Treårane vart selt ut og trekninga tok til. "253!" "Å, ditta har eg ønskt meg lenge!" Nytt nummer. "Yesssss!!! Eg vant!" Tubetyggis stod høgt i kurs.  "285!" "Eg!. Hi-hi-hi. Ho-ho-ho. Eg vant det eg hadde med meg, men eg veit ikkje kva mamma har pakt inn. Å, nye glitterblyantar!" Det går mot slutten og nokre foreldre kjem for å henta. "Hei, mammy! Sjå kva eg har vunne!"  "Å, ho fekk ein sånn. Skal me bytta?" Det var mange premiar. Nokon vant ikkje i det heile, og nokon vann fleire ting. "Da e'kje måte på kor mykje eg har vunne!", utbryt ei i 4. klasse. "Kva skal eg gjera då, når eg ikkje kan gå på s-klubben til neste år? Eg skal kjøpa gevinstar til dåke på butikken eg." Rettferdskjensla er høg. Alice takkar for i år, takkar for tida dei har hatt ilag med alle dei kjekke jentene, og seier det er trist med dei som er for store neste år, men håpar dei andre kjem igjen. Og det er ingenting som tyder på noko anna, for her såg dei ut til å trivast svært godt!

Dei avslutter med å  be Fader vår saman, før det er rett heim til tannpuss og senga.

"Love du at me kjem på Fitjar-posten, alle saman? Då skal eg sei til mamma at eg må få sjå det på dataen i måro…."