I kveld møtte 22 løparar i alle aldrar opp til intervalltrening på løpebanen i Fitjar Idrettspark. Dei siste onsdagane har me sett store flokkar med folk som spring bak Bård Inge Bø på løpebanen. Det har sett ut som dei stoppar heilt tilfeldig rundt omkring på banen.

No viser det seg at det slett ikkje er tilfeldig kor dei stoppar. Dette er organisert intervalltrening under leiing av Bård Inge Bø og Harald Engevik, som tok initiativ til tiltaket. Interessa har vist seg overveldande. Onsdag i førre veke var 16 løparar med. I kveld var oppslutninga endå større; heile 22 løparar i alle aldrar stilte opp. Yngstemann var Håkon Aarbø på ni år, og me skimta folk i mørkret som må vera rundt 60.

Etter individuell oppvarming starta treninga med to stigningsløp i svingen. Bård Inge Bø stod for instruksjonen, og la vekt på steglengd og kneløft. Deretter starta alle opp igjen samtidig, og sprang så langt dei klarte til Bård Inge hadde nådd 600 meter. Då stoppa alle opp, og alle gjekk tilbake til startstreken for å gjera det same om att.

På denne måten er det mogeleg for dei som ikkje er så spreke å vera med dei beste. Kvar enkelt konkurrerer med seg sjølv og spring så langt dei er i form til, samtidig som dei får drahjelp av dei som er betre. Ei svært effektiv form for trening, fortel Bård Inge Bø, som gjerne ser endå fleire på startstreken neste onsdag.