Trass i at måndag var første dag av sommarferien var mange av ungane i bygda på skule. Men no var det fotball på timeplanen.

Fotballgruppa i FItjar idrettslag stilte med instruktørar, og Tine med sponsa sekkar, t-skjorter og ballar. Når alt dette blir samla, står ein att med den populære TIne fotballskulen, som måndag til onsdag samla mange av dei unge og ivrige fotballspelarane i bygda. Leiar Anne Helene Vestbøstad fortel at langt fleire born enn tenkt ville vera med.

– Me starta med 100 ungar og endå nokre til på¨venteliste. Då kontakta me Tine og spurde om dei kunne senda meir utstyr sidan me hadde så mange på venteliste. Det var ikkje noko problem. 

Det gjorde at det desse dagane er 116 born innom fotballskulen. Med så mange blei deltakarane spreidd på grasbanen og kunstgrasbanen, slik at alle får nok plass til å ta seg ut. Anten det er i kamp eller øving på nye triks og skot.