Bilete frå loppemarknaden i 2018. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar skulekorps måtte i haust avlysa loppemarknaden sin, men no har dei funne ei alternativ løysing.

– Me har samla inn lopper sidan førre loppemarknad i 2018. No hadde me so mange lopper at me måtte berre finna ei alternativ løysing, fortel Kari Prestbø på vegne av korpset.

Ho kan fortelja at det vert «pop-up» bruktmarknad i sentrumsgården den 7.november frå kl.10-15 og 29. november frå kl.14-18.

– Me set ut nye lopper etter kvart som det vert ledig plass på borda. Me har rett og slett ikkje plass til alt på likt.

Når det gjeld koronatiltak kan Prestbø nemna at det berre vert lov til å vera 20 personar i lokalet om gongen, og at alle vert registert før dei får koma inn.

– I tillegg vert det handsprit ved inngangen, og rundt om i lokalet. Elles ber me folk halda avstand til andre handlarar.

Utanfor vert det kiosk, og her får ein kjøpt alt frå vårrrullar til kaka og kaffi.