Fitjar barnegospel hadde ein kjekk pølsefestbasar torsdag ettermiddag.

Fitjar barnegospel øver kvar torsdag ettermiddag kl. 17.30 på Fitjar bedehus. Her er det ungar med i alderen 5 år til og med 6. klasse.

Denne ettermiddagen var det ingen ekstra innbudne gjester, men ein intern pølsefestbasar for dei som går i koret og for dei foreldra og syskena som brukar å sitta i salen og høyra på under dei vanlege øvingane. På denne festen var det og aller først øving, eller rettare sagt det var konsert for dei foreldra som sat i salen. Ungane song med stor glede og av full hals, så det var ei lyst å både sjå på dei og å høyra på dei.

Elisabeth Moldestad hadde andakt om å tru på det Jesus seier, og fekk oss alle med på eit tankeeksperiement: tenk om det ikkje var nok pølser og så sa nokon at me berre skulle leggja pinnar på fata, og så skulle det bli til pølser. Hadde me trudd på det? Det kjem an på kven som hadde sagt det, tenkjer Elisabeth høgt, før ho slår fast at  «Det Jesus seier kan me stola på» og fortel om bryllaupet i Kanan.

Etter song og andakt var det klart for pølser og basar, og 50 ungar spurta inn i matsalen der det var dekka bord og pølsene stod klare. Etter kvart vart det sal av lodd, som gjekk unna som varmt kveitebrød. Alle kan ikkje vinna når ein har utlodding, men ganske mange gjekk glade heim med ein eller fleire gevinstar.

Ungane storkosar seg i koret, og med pølser, fest og basar på ein gong vert det ekstra stas å vera ein del av Fitjar barnegospel. Det er mange vaksne som på ulike måtar gjer ein innsats for koret, og som fortjener takk og ros. Invild Brekke Myhre dirigerer, Lovise Vestbøstad og Elin Sørfonn deler på å spela piano, Mona Alvsvåg Traa og Hilde KarinVedøy Eiken hjelper til å halda orden i koret, Steinar Vik spelar trommer, Ole Haukeland styrer lyd, og på kjøkenet er det ein stor gjeng som byttar på å ordna til forfriskingar til pausen. Av kjøkengjengen har me fått auga på Anne-Kristin Sandvik Rydland, Torill Hartvedt, Jorunn Kloster, Åshild Vestbøstad, Aslaug Waage og Gunn Marit Volden, men det kan godt hende det er endå fleire som har vore i sving der med kaffikoking, saftmugger, pølseklyper og fruktknivar.

«Tenk på Jesus…» syng ungane i Fitjar barnegospel.