Ved innleiinga til kommunestyremøtet i går, hadde ordføraren politisk kvarter, der ho informerte om aktuelle saker. Mer om det kan du lesa nedanfor. Foto: Harald Johan Sandvik

-Fitjar er vekstkommune! Med ein folketalsauke på 2,79 %, var Fitjar den Hordalandskommunen som hadde størst prosentvis auke i 2014.

Ordføraren synte også teikninga frå Sunnhordland sitt «Taakeluren», som synte Harald Rydland som tannlege, Wenche som assistent og Lars Ove som pasient. Det vart ekstra morosamt sidan eg var til tannlegge nettopp den dagen, sa ordføraren. Harald repliserte kjapt: -Eg såg ikkje deg den dagen!!  

Fitjar vert framleis eige køyreområde for Taxi. Det har vore handsama sak om eventuelt å slå saman køyreområda for Fitjar og Stord.

Politireforma: Ordførarane køyrer ein prosess der dei vil at Sunnhordland minus Etne og Sveio skal høyra til Hordaland politidistrikt. Sunnhordland soknar til Bergen i nesten alle andre offentlege samanhengar.

Kommunereforma er den viktigaste omorganiseringa av offentleg sektor på 50 år. Dette er ein prosess som ikkje går over. Alle kommunar er involverte, og bør ha konklusjonar innan sommaren 2016. Måndag 23. mars kl.19.00 vert det invitert til folkemøte i Kulturhuset.