Dei unge fitjarbuarane Martha Linn Maraas, Kristine Maraas og Håkon Skram er med i styret i eit heilt nytt FPU-lag for Stord og Fitjar.

-Laget vart stifta 21. juli i år. Det heiter Stord-Fitjar FPU, og har allereie 15 medlemar. -Dei siste fem fekk me etter skuledebatten i samband med valet i haust, opplyser Martha Linn Maraas  som er formann i laget.

Ho fortel vidare i stikkords-form at det nye laget vil kjempa for skule, skatt og krim.

Sjølv begynte ho som einaste aktive medlem frå Stord/Fitjar i Bømlo og omegn FPU, og det er ingen tvil om at Martha Linn har vore den ivrigaste pådrivaren for at det skulle startast opp eit eige FPU-lag her på øya. Nokre politiske kampar har ho allereie vore med på.

-Mellom anna var me med og kjempa for at Stord vgs skulle få behalda 3.klassen i Formgjeving, understrekar ho, og oppfordrar andre ungdomar til òg å vera aktive i politikken.

Med seg i styret har ho: Andreas Johansen (20) frå Sagvåg; Lillian Johannesen (22), frå Bergen, men bur no på Stord; Håkon Skram (18) frå Fitjar; Heidi R. Thomassen (19) frå Austevoll, men bur på Stord og Kristine Maraas Heggøy (24), frå Fitjar.