Siv Merethe Nordeide Stokken blei sjokkert då ho var vitne til hundemishandling i hamna i Fitjar i starten av juni. Foto: privat/Google maps

Siv Merethe Nordeide Stokken og hennar to små barn vart vitne til gjentekne angrep på ein liten hund på Fitjar. – No må politiet gjere noko, seier ho.

Fredag 4. juni sat Stokken på ein leikeplass i Fitjar sentrum med dei to barna sine på fire og fem år. Brått kjem ein liten hund tuslande utan følgje.

– Han dreiv og snuste rundt der. Plutseleg kvepper me til, fordi ein mann brøler høgt «på plass». Han roper sikkert 15 gonger og hunden la seg heilt flat. Eg har aldri sett ein hund liggje så flat. Hunden ålte seg framover medan eigaren skreik «går du over den vegen ein jævla gong til, så ryk du så jævlig på sjøen».

Det er slik Stokken skildrar det første møtet med den aktuelle mannen. Ifølgje Stokken snur han og går igjen, og hunden går bort til ein annan mann.

– Då skrik han til mannen «hald den jævla hunden fast til eg kjem bort».

– Han slo hunden ned i asfalten

Hundeeigaren fekk omsider tak i hunden, som ifølgje Stokken reagerte med eit klynk idet han vart løfta opp. Mannen skal deretter ha bunde hunden fast inne i eit butikklokale og forlete han der.

Då vedkomande etter om lag 20 minutt kom tilbake for å hente hunden, følgte Stokken med på kvar han gjekk.

– Då han kom ut frå butikken, slo han hunden ned i asfalten. Så gjekk han rundt bygget og der fauk hunden så inn i granskogen på sjøen. Han kasta hunden sin på sjøen. Eg tenkte «dette går ikkje an».

Siv Merethe Nordeide Stokken er sint og fortvila over det ho vart vitne til i starten av juni. Foto: privat

Allereie etter hendinga ved leikeplassen ringte Stokken til Sør-Vest politidistrikt for å melde frå om hendinga. Der vart ho beden om å i staden ringe Mattilsynet. Ingen stilte opp med ressursar.

Vart skremt av oppførselen

Medan hunden framleis låg i sjøen, skal eigaren, som gjesta båtkaien i Fitjar, ha hoppa i ein lettbåt som han drog ut i hamna med.

– Han (eigaren, journ. mrk.) ropte til hunden «ha det, no stikker eg frå deg». Då han kom tilbake tok han hunden og kasta han i dørken på seglbåten. Eg ringte Mattilsynet igjen og sa at dei måtte kome, men så losna han tauet og for avgårde med seglbåten, fortel Stokken.

– Du gjekk aldri bort og snakka med mannen sjølv?

– Nei, det hadde eg aldri turd, slik han oppførte seg, svarar Stokken.

– Ei alvorleg sak

Etterforskingsleiar ved Stord politistasjon, Roald Raunholm, stadfester overfor Fitjarposten at dei vart gjort kjend med hendinga 4. juni.

– Det vart ringt inn ei melding til Sør-Vest politidistrikt om at ein mann mishandla hunden sin i Fitjar sentrum. Vedkomande kjende ikkje til identiteten hans og hadde heller ikkje observasjon på mistenkte. Men melder hadde namnet på ein båt som han var knytt til, opplyser Raunholm.

Han stadfester også at det ikkje vart sett ressursar på saka. Ei vurdering politiet på operasjonssentralen tok.

– Kva tenkjer du om den vurderinga?

– Eg veit ikkje om eg skal seie noko om det. Det er ei vurdering som dei har teke. Men eg kan seie såpass at det er alltid gunstig å kome tidleg inn i ei slik sak. Det kan vere andre grunner til at me ikkje vart sendt, som at meldinga kom samtidig med andre oppdrag, men eg synest jo for så vidt at dette er ei så alvorleg sak at me burde ha gjort eit forsøk, sjølv om me kanskje ikkje hadde påtreft mannen.

Etterforskingsleiar ved Stord politistasjon, Roald Raunholm, ser alvorleg på saka. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Fann mistenkte etter etterlysning

Sjølv om politiet på Stord ikkje rykte ut på meldinga, vart det likevel oppretta ei sak og det vart også sendt ut ei etterlysning av båten til mistenkte.

– Me etterlyste denne båten for å få brakt identiteten hans på det reine. Austevoll politistasjon har vore ute og innhenta det som trengs, seier Raunholm.

Det var i førre veke ein gong at politiet fekk desse opplysningane på bordet. Ifølgje etterforskingsleiaren er mistenkte ein mann i 40-åra, tilhøyrande ein kommune i nabodistriktet, Vest politidistrikt.

Vitnet Stokken fekk etter kvart høyre frå politiet at mistenkte vart dimmitert etter å ha blitt stoppa av patruljen frå Austevoll politistasjon. Det er også noko Raunholm kan stadfeste.

– Påtalejuristen vår sa at han kunne bli sleppt fri. Han vart ikkje sett i forvaring grunna dette, og han fekk med seg hunden også. Det seiast at politiet har gjort ei grundig vurdering. Hunden bar ikkje preg av å vere skada eller mishandla, men framstod i god kondisjon.

– Ting me tek alvorleg

Raunholm fortel at dei no har innhenta vitneforklaringar og at saka innleiingsvis ligg hos Felles straffesaksinntak i Haugesund før ho vert sendt tilbake til Stord politistasjon. Det var torsdag i førre veke at saka vart oppretta, seks dagar etter at hendinga først vart meldt inn.

Mistenkte er enno ikkje avhøyrd og Raunholm ønskjer ikkje å gå i detalj kring innhaldet i vitneforklaringane. Han seier likevel at det heilt klart dreier seg om mishandling.

– Det er jo alvorleg. Mishandling av dyr skal ha ein viss prioritet, det er noko folk reagerer på, og det er ting som me tek alvorleg.

Vitnet Stokken er glad for at politet no etterforskar saka.

– Eg forventar at politiet gjer noko no. Hunden må vekk frå den mannen, seier ho.