Politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Kaare Songstad, orienterte om situasjonen i politidistriktet i forkant av dagens kommunestyremøte. 

Han kunne for det første slå fast at det ikkje ligg føre nokon planar om å leggje ned Fitjar lensmannskontor, 

Vidare kunne han mellom anna fortelje om høg narkotikaaktivitet i politidistriktet, men også om nedgang både i vinningskriminalitet og brotsverk totalt.

-Det siste  er spesielt. Andre plassar går desse tala opp, sa han.

Politikarane fekk òg høyre at fengselskapasiteten i området er for liten.

-Gjørv-rapporten (22. juli-kommisjonen) har vore tankevekkjande for oss òg. Me har lett for å tenkje at me bur i eit fredeleg land, så rapporten har nok vekt oss opp, slik at det vil bli satsa meir på beredskap også her i distriktet. I samanheng med dette vil ein òg sjå på handtering av pårørande i samband med ulykker og liknande, fortsette Songstad, før han slutningsvis sa:

-Sjølv om det er færre lensmannskontor i dag enn for 30 år sidan, er det i dag meir politi i dag, og fleire vil kome. Samstundes må me innrømme at me er litt meir sårbare i høve til å vere på rett plass til einkvar tid.

gli steroidi