Nokre bilførarar hadde fått munnlege pålegg, og nokre førelegg på 500 kroner for å ikkje ha med førarkortet, var fasiten då me snakka med  politiet som hadde kontroll ved kyrkja i føremiddag

– Me sjekkar mellom anna førarkort og vognkort, dekk og tek stikkprøver på promille, opplyste politibetjentane Asgeir Nærland og Lillian Tveit på spørsmål frå Fitjarposten om kva dei sjekka, etter at me òg hadde vore igjennom den same kontrollen som dei fleste andre bilar som passerte Fitjar kyrkje i føremiddag.

Kva vil de seia om resultatet av kontrollen så langt?, spurde me etter at dei hadde stått der tre kvarter.

-Ikkje heilt på topp, men eit normalt resultat, seier Lillian Tveit, før ho stoppar ein ny bil.