Julebordsesongen er i full gang. Politiet oppmodar feststemte julebordsgjengarar til å drikke alkohol med måte og tenkje igjennom konsekvensen av å miste kontrollen.

 -Julebord er i stor grad forbunde med noko positivt, men det er fort gjort å miste kontrollen om ein drikk for mykje, seier Edgar Mannes , leiar for felles operativ eining i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Mister ein kontrollen kan det lett bli dyre bøter. Her er nokre tal på det:

 

  • Urinering på offetnleg stad: frå kr 4000,-
  • Å ikkje rette seg etter politiet sitt pålegg: minimum kr 6000,-
  • Å nekte å oppgi personalia til politiet: minimum kr. 6000,-
  • Ordensfortyrringar: minimum kr. 8000,-

 

Elles oppmodar politiet folk til å vise omsyn og ta vare på kvarandre.