Ein barnefamilie frå Afghanistan blei i fjor arrestert i kyrkjelydshuset Betania i Fotkar. Foto: privat

– Politiet møter seg sjølv i døra, seier Nytt Liv-pastor Frank Håvik.

I fjor vart ein afghansk familie på fem henta ut av huset «Betania» i Fitjar, i ein kontroversiell politiaksjon som no har ført til gransking hos Spesialeininga hos politisaker.

Den seinare tid har huset på nytt blitt nytta til bustad for utlendingar. Det får politiet på Stord til å reagere. Dei har sendt eit brev til Fitjar komune for å ta grep, då dei meiner huset ikkje er regulert for å bli nytta til bustad.

– Politiet har den seinare tid motteke fleire førespurnadar når det gjeld adressa Koløyvegen 31. I all hovudmål kan det sjå ut som bygget, som i kartverket er regulert til næringsbygg, vert nytta til bustadføremål. Eit eit utgangspunkt er det ikkje lov å nytte næringsbygg til dette, skriv Nils Blikra i Stord lensmannskontor.

Fleire problemstillingar

Politet skriv at dei har opplysningar om at det skal ha budd folk på adressa sidan tidleg desember.

– Det er fleire problemstillingar knytt til bruken av næringsbygget som bustad. Skulle det til dømes brenne i bygget, kunne det ende i ein svært alvorleg situasjon, med ei rekkje uavklarte spørsmål.

I eit svar opplyser Fitjar kommune at bygget i matrikkelen er oppført som bedehus/kyrkjelydshus, og at slikt føremål ikkje samsvarar med bustadføremål. Fitjar kommune har bedt huseigar om ein nærare avklaring.

Pastor Frank Håvik i Nytt Liv Sunnhordland. Foto: privat

Rumensk familie

Pastor Frank Håvik i Nytt Liv Sunnhordland seier til Stord24 at det er ei gruppe med vaksne rumenarar som har fått bu i huset.

- Annonse -

– Me har hatt ein rumensk familie her som har kome til kyrkjelyden vår fleire gonger. Det er fire vaksne folk som er i familie. Dei har vore her sidan slutten av november, og har pleidd å leige ein hybel i Sagvåg, og så var det ikkje ledig. Rett før jula spurte dei om dei kunne stå parkert utanfor «Betania» og sove i bilen. Då lot me dei få sove i kjellaren.

– Det har alltid vore mogleg å overnatte i bygget for kortare tid. Dette er barmhjertigheitsarbeid, seier Håvik.

Han fortel at rumenarane budde i huset fram til månadskiftet januar/februar.

– Dei er i Norge heilt lovleg, på tre månadars turistvisum. Dei er ikkje kriminelle. Dei står rundt og sel bladet «Folk er folk» og er ikkje pågåande på nokon som helst måte.

– Politiet møter seg sjølv i døra

Pastoren reagerer på at politiet omtalar bygget som eit næringsbygg. Han viser til at bygget tidlegare har vore omtalt som bustadhus av Politiets Utlendingseining, etter at fjorårets aksjon mot den afghanske familien.

Eit av argumenta politiet har brukt for å rettferdiggjere at gjekk inn i huset på Fitjar, er at den afghanske familien budde der i elleve månader og at det difor er å rekne som eit bustadhus, og ikkje ei kyrkjelyd.

– Politiet føretek som hovudregel ikkje arrestasjonar i kyrkjebygg eller bedehus tilhøyrande kyrkjelyden. Bustaden som personane har budd i er ikkje eit kyrkjebygg. Det vert eigd av Frimenigheten Nytt Liv, sa leiar for identitetsfastsetjing i Politiets Utlendingseining, Håvard Bekk.

Håvik meiner politiet møter seg sjølv i døra når dei no slår fast at det er snakk om eit næringsbygg.

– Dei har heile tida påstått at dette er eit bustadhus. Så kvifor varslar dei då kommunen når dei meiner det er eit bustadhus? Det synest eg er pussig. Dei møter seg sjølv i døra. Då har dei eit problem.

Det har ikkje lukkast Stord24 å få ei kommentar frå Stord lensmannskontor til saka.