Politiet bytar no ut sine gamle Smith & Wesson-revolvarar, til fordel for  pistolen HK P30L, som er utvikla av Heckler og Koch i Tyskland. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt er allereie i gang med opplæringa.  

Dette går fram av eit informasjonsskriv til pressa frå politimeister Kaare Songstad i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.  

I det same skrivet kan me og lesa at alle politieiningane i distriktet får styrka budsjettet sitt i 2008. Særleg er det gjeve meir ressursar 

til kampen mot kriminaliteten i distriktet.