Moped eller elsparkesykkel? Den er iallfall ikkje lovleg å køyre med på fortau i meir enn 20 km/t. Foto: Politiet

Sør-Vest politidistrikt har dei siste vekene oppretta saker på 12 sparkesyklar som er ulovlege. No fryktar dei konsekvensane av trenden.

Den siste tida har elektriske sparkesyklar teke heilt av i Norge. Men det er ikkje berre uskuldige sparkesyklar for barn som blir nytta.

– Me har mellom anna ei sak der me har ein film av føraren som køyrer i ca. 80 kilometer i timen utan hjelm på fortauet. Dette er galskap, og det skal ikkje mykje til før det endar i ei dødsulukke, åtvarar politiinspektør Sigve Espeland.

Fleire av framkomstmidla som politiet har teke beslag i har eigarane trudd har vore elsparkesyklar, men dei er for lange, går for fort og har gjere sete.

– I følgje vegtrafikklova må den sidestillast med moped eller lett motorsykkel. Det er då krav om registrering og skilt,, og førar må ha minimum moped-lappen, seier politiinspektøren.

Han minner om at maksimal lovleg fart for ein elsparkesykkel er 20 km/t, og ein elsparkesykkel kan ikkje vere lengre enn 120 cm, og utan fastmontert sete.

– Eit køyretøy som fråviker på minst eitt av desse punkta blir rekna som ulovleg.

Politiet opplyser at det så langt er blitt gitt fire bøter på 5000 kroner kvar for ulovlege sparkesyklar i distriktet, i tillegg til inndraging av køyretøya.

– Dette er saker kor det ikkje har vore køyring utan aktsemd. Ved køyring utan aktsemd kan fleire heimlar slå inn. Det kan påverke straffreaksjonen, seier Espeland.

Han mer spesielt ungdommar vere merksame på kva type el-sparkesyklar dei ønskjer å skaffe seg.

– Foreldre som kjøpar dette til ungdommane bør vere spesielt merksame. Sjekk at el-sparkesykkelen blir levert med fartssperre som ikkje kan justerast av brukaren, pass på at føraren nyttar hjelm, oog at det blir teke omsyn til mjuke trafikantar, seier politiinspektøren.