29 tårnagentar, ein lensmann, ein hemmeleg gjest, ein kyrkjelydspedagog, tre vaksenleiarar, to ungdomar og fire englevakter inntok Fitjar kyrkje sist helg då det vart arrangert tårnagenthelg for alle tredjeklassingane i Fitjar.

Tårnagenthelga er ein del av trusopplæringa i Fitjar kyrkjelyd, og dette var tredje gongen det vart arrangert ei slik helg for tredjeklassingane.

Det vart ei kjekk og spennande helg for dei unge agentane som vart bedre kjend med kyrkja og bibelen medan dei løysta mange ulike mysterium og oppgåver.  Helga vart avslutta med deltaking på tårnagentgudsteneste søndag føremiddag, saman med resten av kyrkjelyden. Ei flott og fargerik gudsteneste der agentane deltok på ulike vis. 

Alle foto: Guro Rimmereid

20120317 Taarnagenthelg Foto Guro Rimmereid2

20120317 Taarnagenthelg Foto Guro Rimmereid1

20120317 Taarnagenthelg Foto Guro Rimmereid5

20120317 Taarnagenthelg Foto Guro Rimmereid4