Pokalfangsten i det siste klubbløpet i Vikedal 20. oktober var slett ikkje så verst. Artikkelen vår frå den siste helga i bilcrossirkuset gav inntrykk av at innsatsen til Fitjar Racing Team var dårleg. Det var slett ikkje tilfelle, førarane var rimeleg fornøgde, sjølv om prikken over i-en mangla. I klubbløpet laurdag fekk alle fire førarane pokalar for prestasjonane sine.

Jonas Heggøy køyrde sitt andre løp i år og kom på 9. plass av 22 startande. Jonas Lønning kom på 10. plass, Oliver André Matre kom på 5. plass, og Gisle Aarbø kom på 8. plass. Dei hadde altså ikkje særleg grunn til å henga med nebbet, noko dei heller ikkje gjorde. Denne gongen var det kanskje Fitjarposten som hadde for store forventningar, men til liks med racingteamet gler me oss allereie til neste sesong.