Torsdag ettermiddag fekk ein gjeng unge miniatyrskyttarar pokalar for god innsats i haust.

Dei sju unge skyttarane som hadde våga seg ut i regnet i dag, var Tormod Brandvik, June Rimmereid, Iselin Rimmereid, Silje Kloster, Anders Bukkøy Langeland, Leon Ivarsøy Bårdsen og Alfred Auestad. I Ungdomshuskjellaren sat Knut Vik klar med 50 pokalar for deltaking i miniatyrskytinga i haust.

Ein del av aspirantane hadde ikkje høve til å møta, men vil få pokalane sine ved seinare høve. Det vil og vinnarane av dei vaksne klassane:

A. Lars Olav Tveita
B. Gaute Aarbø
C. Vidar Grimen
D. Rune Sandvik
Damer: Evy Øien
Veteran: Geir Raunholm

Miniatyrskytinga i vinter er snart ferdig, og deretter vil skyttarane ha rundt ein månads pause. Så startar dei med banetrening på skytebanen i Årskog i månadsskiftet april/mai, fortel Knut Vik i Fitjar Skyttarlag.