Det vanka både premiar og gode ord då fotballgruppa hadde årsavslutning på Fitjar Fjordhotell laurdag kveld.

Årsfesten til fotballgruppa blei kombinert med banketten for vintercupen som gjekk av stabelen denne helga. Dei fire beste laga i dame- og herreklassen fekk velfortente blomar og premiar. Aldri hadde han sett finare pokalar, sa Ole Bergesen, før han delte ut dei største pokalane til vinnarlaga frå Vestbøstad.

Leiaren i fotballgruppa, Gisle Levaag, og seniorleiar Gjert Ståle Olsen delte ut pokalar og blomar til A-lagsspelarar som har passert runde tal med A-kamper i sesongen 2012. Jan Åge Tislevoll og Leif André Tangen har runda 100 kampar, Thomas V. Waage 150 kampar, brørne Helge og Oddgeir Træet 200 kampar, og A-lagstrenar Kjell Træet har kome opp i over 450 kampar.

Den same Kjell Træet nytta høvet til å rosa dei 25 spelarane han har hatt med på laget då ha gjorde greie for sesongen til A-laget i 5. divisjon. Han fekk gleda av å dela ut pokal til årets toppscorar, Thomas V. Waage. Han har scora heile 40 mål i 2012-sesongen, 32 av desse i serien, og er såleis ein av dei beste måljegerane i mils omkrins. Årets mest framgangsrike spelar i år blei den moderne backen Leif André Tangen, som har blitt eit av dei viktigaste angrepsvåpena til Fitjar, med ei utal innlegg framfor mål i kvar einaste kamp. Den gjævaste utmerkinga er årets spelar; den gjekk til ein mann som nesten alltid møter på trening, og som nesten aldri spelar ein dårleg kamp, nemleg Kjell André Thorland.

Årets Fair Play-pris gjekk til fire brør som i mange år har markert seg sterkt i Fitjar-fotballen. Denne velfortente heideren gjekk til A-lagstrenar Kjell Træet og brørne Arild, Oddgeir og Helge. Ingen familie har vel sett sitt preg på fotballen i Fitjar dei siste 20 åra som Træet-brørne.

Ole Bergesen losa som vanleg festlyden gjennom den offisielle delen av programmet med stødig hand og like stødig røyst.