Torsdag ettermiddag var det utdeling av pokalar til dei som var med på miniatyrskytinga før jul.

Miniatyransvarleg Knut Vik i Fitjar Skyttarlag hadde over 50 pokalar som stod og venta på skyttarar i alle aldrar.

Det viste seg at mange ikkje hadde høve til å koma på premieutdelinga i ettermiddag, så dei vil få pokalane sine seinare.

– Men oppmøtet på skytinga i haust var svært bra, seier Knut Vik til Fitjarposten.

No har han rundt 50 skyttarar i aktivitet i Fitjartunkjellaren, og desse er ferdige til påske.

Dei vi få sine pokalar på Skytingens dag i mai, fortel leiaren i miniatyrnemnda, før han set seg ned og deler pizzaen med dei unge skyttarane.

 
Glade skyttarar med pokalar. Bak f.v. Brita Helen Larsen, Sebastian Bakke, Knut Eivind Grimen, Alfred Auestad, Frode Forland. Framme f.v. Sondre Grimen, Andreas Auestad, Felix Joelsson og Jonas Forland.