Torsdag kveld vanka det pokalar til dei som har vore med på miniatyrskyting i ungdomshuskjellaren.

Knut Vik i Fitjar Skyttarlag hadde eit heilt berg med sølvtøy til dei unge miniatyrskyttarane under kveldens premiutdeling. Her vanka store pokalar for 2012 og våren 2013. Ti aspirantar hadde funne vegen til kjellaren og skein om kapp med pokalane.

Dei som har vore med på miniatyrskytinga i haust, vil få sine premiar i mars, fortel Knut Vik. Han har 43 med på deltakarlista, av desse er rundt 30 aspirantar, og i tillegg har han nokre få eldre rekruttar og nokre vaksne. Dei eldste er gjerne med for å halda skytetreninga ved like, slik at det ikkje blir for vanskeleg å klara jegerprøven, fortel Knut Vik.

Knut fortel at no har miniatyrskytinga ferie fram til byrjinga av februar. Når det lir mot slutten av januar, sender han brev til alle som har vore med i haust. I tillegg blir det ein epistel i Fitjarposten rett før dei startar opp att. Det plar vera effektivt, seier Knut, som reknar med å få minst like mange med på skyting i kjellaren i februar og mars.