Oliver André Matre blei nummer 3 i A-finalen under VM-runden i bilcross i Bergen denne helga.

Ingen andre førarar frå Fitjar Racing Team deltok i bilcrossrunden på Eikåsbanen i Åsane i går og i dag, men junioren Oliver gjorde det til gjengjeld svært så bra. I dei fire innleiande heata i går oppnadde han to heatsigrar, ein andreplass og ein tredjeplass. Med siger i det siste innleiande heatet, søndag føremiddag, var det ingen tvil om plassen i A-finalen.

– Akseptabelt, er kommentaren til teamsjef Ole Vidar Helland om innsatsen denne helga. Men det er nok eit understatement, både teamet og Oliver sjølv er svært godt nøgde med innsatsen. Oliver seier han ikkje hadde sjanse på sigeren, til det hadde han nok litt for få hestekrefter å spa på med. Men han er glad for å dokumentera knallform framfor landsfinalen i bilcross på Bollandsmoen i Melhus, sør for Trondheim, 27. juli.

Då stiller han til start i den andre VW-bobla si, med ein del fleire hestekrefter. Førebels er ikkje den kjørbar, gearkassen ligg i lause delar på golvet i klubblokalet på Rydland. Men han har tre helger på seg til å setja saman gearkassen og gjera den sprekaste bobla si klar til innsats i Sør-Trøndelag. Så me skal ikkje sjå vekk frå at han vil hevda seg bra blant dei råaste bilcrossjuniorane i landsfinalen.