A-laget til Fitjar måtte reisa heim att over Morkjo utan poeng fredag kveld, etter 0-1 mot Solid på kunstgraset i Hustredalen.

Første omgang blei akkurat så jamspelt som slike prestisjeoppgjer bør vera. Men tempoet var vel ikkje all verda i det usedvanleg fine sommarveret. Trass ein del gode tilbod til begge lag blei det ingen scoringar.

Då laga kom i gang att etter 0-0 ved pause, fekk me snart ei kjensle av at første laget som scora ville vinna kampen. Denne kjensla blei sterkare etter kvart som andre omgang skreid fram. Og kjensla av at dette ville bli Solid blei stadig sterkare. Første feite måltilbodet hadde Solid på eit frispark etter fem minutt; Fitjar-keeper Oddgeir Træet måtte heilt opp i vinkelen for å avverga scoring. Litt seinare kom Solid-kaptein Håvard Haga åleine med keeper, etter ei bedrøvelig tversoverpasning i Fitjar-forsvaret. Lukkelegvis var Oddgeir Træet på rett plass til rett tid.

Det nærmaste Fitjar kom scoring var ein retur etter eit skot frå Henrik Raunholm Kjelling etter rundt eit kvarter. Som ved eit under mislukkast Fitjar-angriparane i å setja returen i mål. Eit par pene tilbod til hadde Fitjar, men dei fleste og beste sjansane hadde Solid. Derfor var det ikkje ufortent at dei gjekk av med sigeren. Men scoringa, som kom midt i omgangen, var av den kontroversielle sorten.
Fitjar-spelarane – og fleire med dei – meinte at Fitjar-spelaren Jan Åge Tislevoll var først på ballen i den ulukkelege augneblinken som avgjorde kampen. Men dommaren dømte felling og straffe, og den hadde Ole Christian Christiansen ingen problem med å setja i mål. Dermed var kampen avgjort.

Etter det me kunne sjå, var det ingen Fitjar-spelarar som utmerkte seg i kveld. Ein bra første omgang og ein litt svakare andre omgang oppsummerer det meste. Fitjar-trenar Stein Gunnar Halleråker var sjølvsagt skuffa over tapet, men understreka at erkerivalen var eit strå kvassare denne gongen. No gjeld det berre å førebu seg til neste møte, så ikkje dette skjer igjen.