A-laget til Fitjar kom tomhendt heim frå Rosendal onsdag kveld, etter å ha tapt 0-3 i ein kamp i 5. divisjon.

Nok ein gong fekk me sjå at scoringar set sitt preg på fotballkampar, spesielt om dei kjem tidleg. Med scoringa etter 3 minutt ved Frode Havnerås fekk heimelaget Rosendal kampen inn i sitt spor. Utover i kampen var heimelaget eit strå kvassare enn gjestene frå Fitjar. Dei var oftast først på ballen, og meir bestemte i duellane. 

Sjølv om Fitjar var bra med på notane i periodar, var det ikkje ufortent då Rosendal gjekk opp til 2-0 rundt 5 minutt før pause. Fitjar-keeper Idar Volden Mjønes hadde fleire feberredningar på streken, men diverre hamna ballen på 5-meteren utan at Fitjar fekk klarert skikkeleg. Og der stod Øystein Skår, som skåra sikert. 

I byrjinga av 2. omgang hadde Fitjar eit lite overtak, og fleire brukbare sjansar. Men då Rosendal fekk eit billig straffespark etter eit kvarters spel, var kampen avgjort. Kjetil Helvik finta ut keeper og scora sikkert. Med 0-3 i sekken var det ikkje mykje meir å henta for Fitjar, sjølv om dei hadde fleire gode sjansar på slutten. Det nærmaste dei kom, var eit fint skot i tverrliggjaren frå Henrik Raunholm Kjelling.