A-laget til Fitjar måtte nøya seg med eitt poeng etter uavgjort mot toarlaget til Os søndag ettermiddag.

Kampen opna ikkje så altfor godt for Fitjar; allereie etter 5 minutt stod det 1-0 til reservane frå Os. Utover i første omgang hadde nok Fitjar mesteparten av spelet, og dei fleste sjansane. Det var derfor ikkje ufortent at dei kunne utlikna ved Jan Åge Tislevoll eit par minutt før pause.

I andre omgang kom Os meir med i spelet igjen, men Fitjar hadde fleire sjansar til å avgjera kampen til sin fordel. Det same hadde Os, så 1-1 og poengdeling gir alt i alt eit greitt bilete av kampen. Keeper Vidar Vestbøstad blei kåra til dagens Fitjar-spelar.

Etter tre kampar er Fitjar framleis på topp i 5. divisjon med sju poeng og betre målforskjell enn Os 2. Neste seriekamp er borte mot Olsvik komande fredag, 4. mai kl. 19.00.