Podlen verkstad vil no ta turen til Fitjar ein gong i veka, for utleige og vask av store matter.

Ikkje alle firma som har store matter har utstyr for å reingjera dei. Det har Podlen verkstad på Heiane.

– No vil me gjerne gje tilbod om utleige og vask av slike matter til firma og andre i Fitjar, som har bruk for eit slikt tilbod, seier dagleg leiar Odd Stuve Rommetveit til fitjarposten.no. Interesserte kan ta kontakt med Podlen på tlf 53 40 90 00.