Etter landbruks-basaren i Færøysund i helga dukka det opp ein ny tanke om at kanskje nokon på Fitjar har ståande ein plog som ikkje er i bruk, og at bøndene i Kamerun kan få bruka den.

Bakgrunnen for jordbruksprosjektet SAM (Société Agricole Mbé) i Mbe-området i Kamerun er at jordbruket i det omårdet vert drive med handmakt. Tidlegare hadde Det norske misjonsselskap eit landbrukssenter i området der bøndene kunne leiga seg traktor til tungt arbeid. På 90-talet vart senteret lagt ned og ein opplevde at landbruksutviklinga gjekk tilbake i det området. Under basaren i Færøysund kom det inn 36 085,- til prosjektet. SAM gjekk i fjor til innkjøp av seks traktorar og ynskjer no å oppgradera maskinparken med fleire plogar. Sidan ein ikkje kjem så langt med 36 000,- i ein slik samanheng kom nokon med ideen om at ein kanskje kunne få tak i rimelege (ev. gratis) brukte plogar på Fitjar, eller andre stader i Noreg, og så kan ein bruka pengane til å få desse transportert til Afrika.

Johannes Nesse som deltok på basardagen og som har tiltru til prosjektet vil gjerne oppfordra bønder som har ein plog ståande som ikkje er i bruk om å ta kontakt med Chance Emmanuel Aoudi. Chance er ein av dei som står bak landbruksprosjektet. Han kjem sjølv frå Kamerun, men bur no i Noreg og snakkar godt norsk. Chance kan ein få tak i på telefon 476 30 433. Harald Johan Sandvik er og engasjert i prosjektet og kan formidla vidare kontakt om nokon har noko dei kan tilby.