Frode Pletten vert butikksjef i Geir Skeie sitt restaurantkonsept i dei tidlegare lokala til Dolly Dimple’s på Stord.

Frode Pletten gjer med det comeback som fiskehandlar. Stillingsinstruksen fortel at han vert butikksjef med hovudansvar for råvarer. Han vil òg bli daglig leiar for fiskemottaket.

– Den nye fiskebutikken vil vere eit supplement til restaurantdelen og vil forsyne restauranten med fersk fisk. Inne i fiskebutikken vil det vere ein fiskekum med levande fisk, sal av fersk fisk og anna tilbehør tillaga av stjernekokkane i restauranten.

Matfilosofien til Brygga 11, Geir Skeie avd Stord, er å ha kontroll på kvar råvarene kjem frå, og i størst muleg grad nytte seg av lokale råvarer. Pletten fortel at dei kjem til å følgje fisken nærast frå levande tilstand til den er ferdig tillaga på gjesten sin tallerken, heiter det i ei pressemelding om saka.

– Når ein har denne kombinasjonen av foredling og råvarer, så gir det ein enorm kontroll på kvaliteten, fortel Pletten.

Frode Pletten innehar ein enorm kunnskap innen fiskehandlarfaget. Han dreiv det tidlegare fiskemottaket på Leirvik i 18 år. Dei siste åra har Pletten vore lokalitetsleiar for eit av Sjøtroll sine oppdrettsanlegg i Fitjar. 


– Eg går frå ein spennande jobb til noko endå betre, smiler han.