SIM sitt prøveprosjektet på innsamling av plastemballasje i Fitjar er i gang. Samtlege husstandar skal no ha fått sekker til å samla plasten i.

– Dersom det er husstandar som ikkje har fått sekker, må dei kontakta SIM, så skal me få levert, seier informasjonsmedarbeidar i SIM, Torleiv Agdestein.

Fitjar er prøvekommune på plastinnsamling. Prosjektet vil pågå i heile 2010. SIM sitt mål er å finna ut om abonnentane ynskjer plastsortering, og om dei er viljuge til å betala ekstrakostnaden med å få henta plasten heime hos seg. Vil dei det, kan plastinnsamling bli eit permanent tilbod. Viss ikkje, kan ordninga bli avvikla.

Henting kvar fjerde veke
Sekkene med plastemballasje kan setjast fram til vegen kvar fjerde veke. Første gong er onsdag i veke 4 (same dag som biodunken). Deretter er det henting kvar fjerde veke, alltid same dag som biodunken.

– Men det er ikkje all plast som kan kastast i sekkene?
– Nei. Plasten må vera emballasje og den må vera rein og tørr. Viss ikkje, er den restavfall, seier Agdestein og viser til påskrift på sekkene for meir detaljert informasjon. Plast som er merka med faresymbol skal heller ikkje i sekkene.

Kostnadsfritt
Dei første seks månadane kostar det ikkje noko å vera med på prøveprosjektet. Etter eit halvt år går prosjektet over i ei abonnementsordning. Dei som då ynskjer å vera med vidare, må melda frå til SIM. Restavfallsvolumet kan reduserast med opptil 40 % ved å sortera ut plastemballasje. Dermed kan mange klara seg med mindre restavfallsdunk, eller sjeldnare tømming.

Plastemballasje som vert samla inn i Noreg vert sendt til Tyskland for sortering og gjenvinning. Litt under halvparten vert til nye plastprodukt, medan resten vert energiutnytta (brent) i samband med sementproduksjon.