Fitjar musikklag hadde ein svært god haust og ynskjer no å byggja vidare på alt det positive frå tida før jul. Dei planlegg konsert i mars, ynskjer seg endå fleire musikantar i laget og flyttar snart inn i nytt øvingslokale.

Ja, er det nokon som kjenner at det kriblar i leppene, så er dei hjerteleg velkomne til oss, seier Kitty Træet som er leiar i styret for musikklaget. Her har me særleg bruk for fleire kornettar, barytonar, horn og b-bassar, men ynskjer du å spela andre instrument er du og hjerteleg velkomen!

Dirigent Torbjørn Røssland skryt av ein svært kjekk og positiv haust med gode resultat og mange flotte konsertar, men seier at det var litt vanskeleg å koma i gang igjen etter jul. Med berre ein på kvar stemme er musikklaget sårbart og dei håpar fleire som er glad i korpsmusikk vil vera med dei å spela. Dirigenten skryt og av miljøet i musikklaget: «Me har hatt det veldig gøy og dei er ein fin gjeng». Korpset har fått svært gode tilbakemeldingar etter konsertar i kultursalen og det, saman me eit stort publikum, er ei god drivkraft i arbeidet, seier styret.

No planlegg dei konsert i mars, og dei skulle gjerne hatt litt fleire stabile musikantar. Så stødige treng dei ikkje vera, og om dei kjenner seg utrygge eller det er lenge sidan dei har spelt, så lovar styret å stilla med oppfriskingskurs, og sjølvsagt instrument. Svein Olav Raunholm i styret fortel at han hadde 30 års pause frå speling før han for nokre få år sidan tok til i musikklaget. Med det same fekk han ikkje lyd i instrumentet, men etter litt øving fekk han godt dreisen på det igjen. «Det er som å sykla», seier Kitty, som vel aldri har hatt nokon spele-pause. «Har du først lært det kan du det resten av livet».

På  konserten i mars skal dei, som så mange gongar før, ha med seg song-solistar. Denne gongen vert Ole Andre Westerheim, Anne Karin Nilsen og Audun Arthur Mehammer med. Konserten skal denne gongen vera på ein torsdag, den 31. mars i kultursalen klokka 19.30. Torsdag er og musikklaget sin faste øvingsdag, på Losjehuset ved Havnahuset.

Seinare på våren vert det øving til 17. mai og til hausten vert det øving til konkurranse i Stavanger (Siddis) og marknad på Fitjar.

Elles så gler musikklaget seg til å flytta inn i nytt øvingslokale i kulturhuset. Dei drøymer om tilgang til toalett, vatn, varme og lys. Sjølv om Losjehuset, der dei har øvingane no, inneheld mykje historie og kanskje har ein viss sjarm, synes dei det er kjempestas med flytting til nytt og meir eigna lokale.

«Det er kjekt å gå på øving», seier ein av humørspreiaren på slagverk, som og sit i styret, og legg til at «her er det gode sosiale vibrasjonar». Det er kjekkast når det er litt fyldig i rekkjene, er styremedlemmene einige om. Dei skryt av dirigenten og seier det og er spennande med stor aldersspenn i spelegruppa. Den yngste er 13 år, den eldste rundt 65. Dei yngste kjem frå skulekorpset, og musikklaget er svært glade for den rekrutteringa dei får der ifrå.

Klokka nærmar seg halv åtte, styremøtet er over og resten av musikkantane tek til å siga inn i lokalet. Lite og litt trongt, men nesten litt ærverdig med bua himling i taket kledd med eggekartong, med minne frå mange aktive år på veggane, pokalar, diploma, arkivskåp og takkekort frå medlemmer som har blitt hugsa på i samband med konfirmasjon, bryllaup og fødslar. Etter ei rask oppvarming er dei klare til å ta fatt på konsert-repertoaret. Torbjørn leiar øvinga med ei mild, men bestemt, hand. Nokre får frie tøylar medan andre blir haldne godt fast i øyra. Det svingar av musikken, hadde det vore plass hadde det vore freistande å ta nokre dansesteg då dei afrikanske rytmane i Zambezi fyller rommet. Dei som fekk frie tøylar gjev alt, og ein kan undra seg over at ikkje dei i bakre rekkje har hørselsskader, men på litt avstand høyres det heilt strålande ut. «De treng ikkje gje alt no, det kan spara litt til konserten» seier dirigenten med eit smil etter den første gjennomkøyring av Amparito Roco.

Det er pause, og det er om å gjera å vera først ute for å få plass i sofakroken, for der er det ikkje plass til alle. Men kaffi er det til alle. Ja, her må ein drikka kaffi, seier dei, men ein skal ikkje sjå vekk frå at dei går til innkjøp av ein te-kokar om nokon te-drikkande musikantar har lyst til å finna sin plass her. Nokon tek fram ein kortstokk, andre ser sitt snitt til å ta ein luftepause med nokre trekk på trappa, og musikken vert bytta ut med ein god, relativt høglydt, drøs i det eg forlèt lokalet. Eg gler meg til konserten i mars. I tillegg til afrikanske rytmar og mykje anna gler eg meg til då å få høyra You raise me up, for så langt ned i notebunken kom dei ikkje denne kvelden før eg gjekk frå dei.

Til sutt ei inderleg bøn frå leiar Kitty Træet, som lever og andar for musikklaget: «Sjølv om me er ein god gjeng treng me fleire musikantar, så har du spelt eller har du lyst å spela eit korps-instrument må du ikkje nøla med å ta kontakt med meg på tlf. 913 47 803, eller nokon av dei andre i styret». I tillegg til Kitty består styret av Terje Vidar Vestvik som er nestleiar, Angunn Bårdsen som er kasserar og Svein Olav Raunholm som er skrivar, og alle er einige om at det hadde vore kjekt med fleire musikantar i laget: «Me stiller med både instrument og med oppfriskingskurs om du ynskjer det. Me treng deg og du er hjerteleg velkomen! «