No er det tid for å søkja plass i kulturskulen. Søknadsfrist er 1. april.

Fitjar kulturskule har undervising i song, gitar, piano, tverrfløyte, messinginstrument (aspirantopplæring til Fitjar skulekorps) og startar opp med undervising i dans frå skuleåret 2009/2010. Undervisinga føregår på ettermiddagstid og det meste er lagt til Klokkargarden/Rimbareid skule. Er elevgrunnlaget stort nok vert det også undervising i krinsane Sælevik og Øvrebygda.

For meir informasjon kan ein lesa i søknadbrosjyren som er å finna i resepsjonen/adminstrasjonen ved Rimbareid, Sælevik og Øvrebygda skule. Brosjyrane ligg og i Kundetorget i Rådhuset og i biblioteket i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Ein fin og informasjon om kulturskulen på internett. Gå inn på www.fitjar.kommune.no . Gå der ned til Utdanning og klikk så Fitjar kulturskule. Her vil ein og finna elektronisk søknadskjema (felles for kulturskulane i Fitjar og Stord).

Elevar frå Fitjar kan søkja plass i Stord kulturskule, på tilbod som me ikkje har i Fitjar. Undervisinga til Stord kulturskule er i Stord Kulturhus. 

Har de spørsmål kan de kontakta rektor i kulturskulen Anne Lene Østvold Jordåen. Ho er å treffa på kontoret i Rådhuset kvar måndag og onsdag kl. 08.00–13.15. Der kan du og treffa ho på tlf. 53 45 85 53 eller på e-post anle@fitjar.kommune.no.  

Søknadsskjema finn ein i søknadsbrosjyren eller på internett. Søknadsfrist: 1. april.