Foto: Wikipedia

Fitjar kommune treng ny samfunnsdel til kommuneplanen sin, men først må det lagast eit «planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2020-2040 for Fitjar kommune».

Dette planprogrammet har no blitt utarbeida, og skal no opp i formannskapet 6.februar. Om dei fylgjer framlegget til vedtak vert planprogrammet lagt ut på høyring i ein periode på 6 veker.

Planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel skal fungera som ei oppskrift for samfunnsdelen i kommuneplanen. Planprogrammet fortel oss formålet med planarbeidet, syner kor det er behov for utgreiingar, tek oss gjennom planprosessen med fristar og deltakarar, og viser korleis ein kan påverka prosessen. 

Målet med samfunnsdelen

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal utvikla visjon, mål og hovudtema som er viktige for utviklinga av Fitjar. I tillegg skal ein fylgja internasjonale, nasjonale og regionale føringar. Samfunnsdelen skal gje kommunen hjelp til å prioritera ressursar, planleggja og gjera tiltak innanfor kommunen sin økonomi.

Planprogrammet foreslår desse hovudtema:

Fitjar i berekraftig vekst – næringsutviklinga i Fitjar bør byggja på etablerte næringar, og sikra knoppskyting ut av desse.

Bulyst – ein må kartleggja behov og kapasitet for utbygging i kommunen dei neste tiåra.

- Annonse -

Levande sentrum – utvikla sentrum med handel- og servicetilbod, so det kan vera ei drivkraft for busetting.

Den grøne kommunen – kommunale satsingar på miljø- og berekraft.

Smarte kommunale tenester – fortsetja arbeidet med å fornya kommunen sine tenester.

Mangfald – fortsetja å ha eit stort utval av kulturelle og sportslege aktivitetar. Ope samfunn for innflytting og innvandring.

Sterke saman – samarbeida med nabokommunane.

Planprogrammet meiner at dei største utfordringane for Fitjar i framtida vert internasjonale plikter for klimaet, eldrebølgja og eventuell realisering av Hordfast.

Høyring og endeleg vedtak

Fitjar kommune ynskjer innspel, og legg opp til folkemøte og innbyggjarpanel i høyringsperioden. So her har ein moglegheit til å påverka framtida til Fitjar, ved å til dømes foreslå andre hovutema.

Endeleg vedtak for planprogrammet er i kommunestyret i april, deretter startar arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen etter oppskrifta ein har vedteke. Fitjar kommune sin samfunnsdel av kommuneplanen 2020-2040 skal opp til endeleg vedtak våren 2020.