For 4. år på rad arrangerer soknerådet tur til Helgatun i Myrkdalen første helga etter påske.

Me har fått fylgjande melding frå sokneprest Olav Johannes Oma:

 Populær kyrkjelydshelg

På kyrkjelydsfesten sundag vart det opna for påmelding til kyrkjelydshelga på Helgatun 17.-19. april. Sjansen til å prøve skia saman med gode vener freista mange. Då eg kom på arbeid tysdag var alt meir enn 40 påmelde! Då eg gjekk til konfirmantundervisning var det 70 påmelde. Det er ei utruleg interesse for å vera med. Der er plass til opp mot 90 menneske på Helgatun. Folk må berre melda seg på. Dei som ikkje kjem med direkte står på venteliste og vert kontakta om nokon trekker seg eller vert sjuke. Det er fjerde året Fitjar kyrkjelyd arrangerer ei slik helg. Det har vorte fullt åra før og, men eg kan ikkje minnast at det gjekk så fort som det har gått i år.

For å melda seg på kyrkjelydshelga tek ein kontakt med kundetorget i kommunen på tlf. 53458500.

Onsdag føremiddag kom det ny melding frå kyrkjekontoret: No er det venteliste for å vera med på kyrkjelydsturen. Med 85 påmelde må ein i første omgang setja strek og prøva å fordela dei påmelde på rom, og så vil det visa seg om det vert plass til fleire. Det er anledning til å setja seg på venteliste. Ein vil då få beskjed om det skulle visa seg at det er plass til fleire eller om det er nokon som melder avbud.